Main image
25th September
2010
written by Tone

Bærum Mållag markerer den europeiske språkdagen med eit seminar på Foajescena  i Bærum Kulturhus sundag 14-16.

Sjå programmet her: https://docs.google.com/fileview?id=1JYikl_U-M0Si7HmWkRyAXK8L2M3C_PefRQJ5jUL4LrihBx1S0X_1E-Epig_7&hl=en

Det er gratis!

10th June
2010
written by Tone

Asker og Bærum Målungdom skal ha sommaravslutning måndag 14. juni kl. 1900 på Hvalstrand i Asker.

Du er hjarteleg velkomen.

På sommaravslutninga serverer me kake og brus, men om du vil grille er det berre å ta med eige utstyr.

Om vêret vert dårleg kjem sommaravslutninga til å vere hjå Heidi Rossow i Bleikeråsen 154. 

29th March
2010
written by Tone

Her er den nye logoen vår, designa av Ludvig Rossow.

ABMU-logo

Eg er no i gong med å tinga t-skjorter.

22nd February
2010
written by Tone

Det er sendt ut innkalling til styremøte 15. mars. Saklista vert denne:
1. Opning
2. Konstituering av styret
3. Arbeidsplan og arbeidsoppgåver
4. Landsmøta
5. Samarbeid med Bærum Mållag
6. Ymse

Har du lyst til å bidra? Har du spørsmål? Har du framlegg til andre ting styret burde ta opp?
Ta kontakt! med oss, på e-postadressa tone[a]lotiel.org.

Dette er arbeidsplanen vår:
1. Senda medlemer til alle tilskipingane i NMU sentralt og til landsmøtet
2. Delta saman med Bærum Mållag på Byfesten i Sandvika
3. Skipa til teatertur for medlemene
4. Ha sommaravslutning og joleavslutning
5. Skipa til nynorskkurs for skulane med Ingar Arnøy
6. Skipa til regional samling saman med Oslo-laga
7. Ha minst eit lesarbrev på trykk
8. Ha aksjonar for synleggjering i lokalsamfunnet
9. Lage tilfang

16th January
2010
written by admin

Meld deg på vinterleiren i NMU! Den skjer 22.-24. januar i Bø. Sei frå til meg på tone[a]lotiel.org, så betalar eg leiravgifta for deg.

http://www.nynorsk.no/nmu/tilskip/vl2010/

16th January
2010
written by admin

Kom kom på årsmøte 2. februar kl. 1900 på møterommet på Radar. Me skal snakka om året som har gått, det nye året og velja utsendingar til landsmøtet i NMU. Om du vil vera med er det best om du kjem!

Fristen for å levera saker til landsmøtet i NMU er fristen 4. februar kl. 23.59. Om du vil at laget skal leggja fram saka samla må me ha det oppe på årsmøtet. Om du vil leggja det fram på eiga hand kan du berre senda det til skrivarstova på skriv[a]nynorsk.no.

8th August
2009
written by admin

Me skal ha styremøte 14. august (eg skal kalla inn til det ganske snart, så fort eg finn ein plass me kan vera). Er det noko du vil at laget skal gjera i løpet av hausten? Send ein e-post! Er det noko du lurar på? Send ein e-post!

E-postadressa de kan nytta er abmustyret [a] gmail.com.

Hugs òg å koma på Byfesten i Sandvika 28. – 30. august! Der kjem Bærum Mållag til å ha stand, og det vil vera målungdomsansikt å sjå.

Tone

6th August
2009
written by admin

Dette er det første innlegget på den nye veven til Asker og Bærum Målungdom.

Her skal me leggja ut informasjon om møte, tilskipingar lokalt og sentralt og anna som det kan vera interessant for folk å lesa.