Om ABMU

written by admin

Frå Motmæle 0209:

9. februar 2009 samla fem ungdommar frå Asker og Bærum seg på eit rom i Asker Kulturhus. Birgitta Lim Ersland frå sentralstyret i NMU kom òg. Ho fortalde om kva Norsk Målungdom er og gjer, og kva eit lokallag er i alt dette. Etter ein hyggeleg diskusjon skipa me Asker og Bærum Målungdom, med seks styremedlemmer. Dei kjem frå mange bakgrunnar: ein jobbar, to studerer, og tre går på ulike liner på vidaregåande.

I Asker og Bærum snakkar folk ein bokmålsnær dialekt, og særleg skuleelevar likar ikkje sidemål eller nynorsk, så utfordringane til laget er mange. Difor har me valt å fokusera på det sosiale for laget no i byrjinga.

Etter skipingsmøtet hadde me eit medlemsmøte for å velja utsendingar til landsmøta til NMU og Noregs Mållag, og me hadde eit styremøte. I april skipa me til regional samling saman med Målungdomen i Oslo og Katta Målungdom på Oslo Katedralskule. Den handla om dialekt og dialektidentitet i Oslo og Akershus, og Magnus Bernhardsen innleia. Det kom masse folk og etter innleiinga åt me pizza og prata og dialekt, nynorsk og andre ting.

På det andre styremøtet førebudde me å skipa til sommaravslutning. Den skal skje på Labråten, der Arne og Hulda Garborg budde i mange år, me kake og brus etter ei omvising. Til hausten skal laget på tur til Det norske teatret og sjå ei framsyning der.